Krigsminne Meland

Per Rossland

lagt inn 12. okt. 2017, 23:19 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. okt. 2017, 23:25 ]

Per Rossland fortel om barndom og oppvekst og tida før og under 9.april. Far hans var telegrafstyrar og var med på å ordna mobiliseringa og sende menn til Voss.

Møte med dei første tyskarane i 1943 då dei byrja byggje festningsanlegg, Folk måtte evakuere husa sine. Han vart arrestert av tyskerane, men slept fri då ein tysk soldat gjekk god for han.

Fortel om levevilkåra under krigen. Dei hadde stort sett nok mat. Ikkje negativ til svartebørs, då dette var nødvendig.

Hadde ein russisk fangeleir i nærleiken, og det var kontakt med dei russiske krigsfangane.

(Lyden på intervjuet er litt svak og vert med det første sett opp til eit høgare nivå) 20.10.

Per Rossland




00:00 Barndom og oppvekst
00:34 Levevilkår
00:50  Før 9.april
01:25  9.april. Mobiliseringa
02:30  Møte med dei første tyskarane i 1943. Evakuering
03:20  Fangeleirar og russerar


05:20  Arrestert av tyskerane
05:30  Levevilkår under krigen. Mat og svartebørs.

Einar Solberg

lagt inn 12. okt. 2017, 23:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 01:19 ]

Einar Solberg (f.1926) vaks opp som nr. to i rekkja av fire sysken på Flatøy i Meland kommune. Familien livnærte seg av sildefiske og småbruk. På Flatøy hadde tyskarane ein stor kontrollstasjon under krigen, der all skipstrafikk som passerte vart kontrollert og vakta på. Her fortel han om ungdoms- og krigsåra i det okkuperte øysamfunnet. 


"Me born tente nokre ekstra kroner når me var med og sette poteter rundt om på gardane. Og me dreiv med snarefangst og fanga trost som me selde for 10 øre stykke. Om somrane samla me o-skjell som vart reinsa, og innmaten i skjella salta ned på tønner. Tønnene vart selde som agn under Lofotfisket. Skulle me vitja andre øyar, eller skulle det sendast bod på jordmor, så måtte me bruka robåten. 

Åra før krigen jobba eg som løpargut hjå handelsmannen og bar varer til flystasjonen på Flatøy. Her var det ei sjøflyhavn der ca. 50 norske marinefolk var stasjonert. 8.april 1940 høyrde me på nyheitene at tyske skip i Skagerak var på vei nordetter, og at alle fyr langs kysten skulle slokkast. Dagen etter gjekk dei seks Heinkelflya som var stasjonert på Flatøy på vengjene for å møta dei tyske angrepsflya. Men dei fekk ikkje gjort nokon skade på dei tyske flya. 

Konene og ungane til offiserane som var stasjonert i sjøflyhavna på Flatøy, vart evakuert til Romareid. Familien vår evakuerte til ei kusine der me fekk liggja på eit rom som høyrte til Bjelland Hermetikkfabrikk. I mellomtida blei ein tysk båt bomba utanfor Flatøy. Mannskapet tok seg inn i det tomme huset vårt. Her fyrte dei opp ovnen og tok med seg alt det me hadde lagt igjen av tørre klær. Då me seinare søkte om å få erstatta klærne våre, fekk far min beskjed av tyskarane om å senda rekninga til engelskmennene. Det var dei som hadde bomba den tyske båten. 

17.april kom tyskarane til Flatøy der flystasjonen no fungerte som tysk kontrollstasjon. Samstundes tok tyskarane to gislar på øya vår og gav beskjed om at dersom dei vart skote på, så ville gislane verta henretta. Alle vart nøye kontrollert, sjølv om det berre var fem minutt å gå heim frå kaia. 

Når me skulle reisa med skøyta vår til Bergen, måtte me segla nærme land, og me måtte segla i sikksakk. Sjøen rundt øya vår var minelagt, og på kvar topp på øya var det anten plassert ei kanon eller ein lyskastar. Private hytter på øya vart rekvirert, og der budde dei sivile tyskarane som reparerte flya når dei vart skada."

"Om natta kunne me høyra på flyduren om det var engelske eller tyske fly som kom. Radioen vår var innlevert, men me heldt oss likevel orientert. Då me såg flagget verta heist borte på Salhus, visste me at krigen var slutt. Me ungdommar fekk beskjed om å overta vakthaldet på Flatøy, og me gjekk vakter fram til karar frå Bjørn West overtok for oss."

(Lyden på intervjuet er litt svak og vert med det første sett opp til eit høgare nivå) 20.10.

Einar Solberg





Simon Simonsen

lagt inn 12. okt. 2017, 23:16 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 01:19 ]

Simon Simonsen (f.1935) frå Meland var fem år då krigen kom til Norge. Faren dreiv handelshuset på staden, ei bedrift som Simon driv vidare. Her gir han oss små glimt frå barndommen. Som vaksen har han vore med i lokalpolitikken i Meland i åtte år.


"9.april 1940 høyrde me bombinga i Bergen. Me evakuerte fire km nordover. Det var kort avstand frå der me budde til flystasjonen på Flatøy, og me rekna med at flystasjonen ville bli eit bombemål. Først tre månader seinare flytta me attende  til Litleberget.

Under heile krigen var det mange tyskarar i Meland. Alle båtane som passerte måtte innom Flatøy for kontroll. Dersom dei nekta å stoppa, skaut dei frå fortet på øya. Det hende at kulene rikosjetterte og traff handelshuset vårt. Ein gong gjekk ei kula tvers gjennom veggen og derifrå gjennom sofaen der mor nettopp hadde sitte og mata veslebroren min. Me kontakta dei tyske myndigheitene, og dette resulterte i at kontrollen vart gjennomført lenger unna. Til gjengjeld vart sundet inn til oss minelagt. Me smågutane rodde rundt minefeltet når me fiska. Me nytta årene under armane som flytevestar når me skulle læra symja.

Tidleg i krigen henta onkel min ei båtlast med melsekkjer i Bergen, og kvar husstand i bygda fekk ein hundrekilossekk med mjøl. Me hadde forholdsvis mange varer i handelsbua, og onkelen min hadde bygdamølle der folk leverte korn og fekk mjøl attende. Me hadde og bakeri og godt samband til grossistar i Bergen. Så det var sjeldan me gikk tom for varer. Sirup var eit populært pålegg, men me hadde og ost og syltetøy. 

Husmødrene var nøysomme og flinke til å utnytta råvarene. Dei fleste handla på krita, og mange kan takka dei lokale landhandlarane for viljen deira til å hjelpa folk med mat i krigsåra. Me hadde opp til seks månader kreditt hjå grosserarane, og me kunne dermed gi folk i bygda like lang kreditt. 

Eg var 10 år då krigen slutta. Me born gjekk bak som rævdiltarar då naboen kom med hest og kjerre for å henta ut radioane frå lageret der dei hadde stått i alle krigsåra. Norge hadde eit dårleg forsvar i 1940. Til gjengjeld hadde me ein godt utbygd sivil beredskap som fungerte bra. Handelsmenn langs heile kysten sørga for at lokalbefolkninga fekk eit minimum av mat."


"Eg er imponert over den sivile beredskapen i krigsåra. Me hadde store lager med konsentrert mat, med lang holdbarheit, og me var dermed førebudd då krisa kom. Før krigen var det stor fattigdom blant folk flest. I dag er det eldreomsorga som ligg dårligst an. Dei som var med å byggja opp landet vårt etter krigen er i dag dei som er minst tilgodesett. Eld

Simon Simonsen - Del 1



Simon Simonsen - Del 2






Aslaug Sudmann

lagt inn 24. aug. 2017, 01:53 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. okt. 2017, 23:28 ]

Aslaug Sudman fra Meland vaks opp som nummer fem i ein syskenflokk på åtte. Faren var småbrukar og steinarbeidar og familien levde stort sett frå hånd til munn. Før krigsutbrotet hadde Aslaug Sudmann gått førstehjelpkurs. Straks etter 9. april 1940 meldte ho seg til innsats for dei norske troppane som tok del i trefningane på Voss.

  
"17 år gamal byrja eg på Salhus Veveri og budde på hybel. 9. april vakna eg av duren frå tyske fly, og litt seinare såg eg at dei var i kamp med engelske fly. Fyrst forsto eg ikkje alvoret. Da mobiliseringsordren kom, reiste me to jenter saman nordetter. Me ville slutta oss til dei norske styrkane på Voss. 11. april kom me til folkehøgskulen i Førde, der me vart innkvarterte saman med nærare 600 frivillige. Me var tre jenter som ordna med mat til alle saman. Omsider kom det kokkar frå militæret og hjelpte til.

Me tok ikkje sjølve del i kamp, men etter kvart kom mange av karane som hadde vore med i kampane på Voss. Dei var i sjokk då dei kom til oss, og sto opp om natta for å gøyma seg i skogen. Dei trudde dei vart angrepne av tyske fly. Eg hadde ikkje sagt frå på jobben på veveriet kvar eg var no. Det var jo full mobilisering, så ein var vant med at folk ikkje møtte opp på arbeidsplassane.

Eg reiste frå Salhus attende til Flatøy 1942. Øya var bomba av engelske styrkar i 1940. Hadde dei truffe det tyske ammunisjonslageret, hadde det ikkje vore stort att av øya. På Flatøy var eg dei tre siste krigsåra. Det budde tyske soldatar i alle sommerhusa, og det var tyske antiluftstillingar her. Eg trur dei vart bygde av polske krigsfangar. Men tyskarane hadde ein veldig moderat sjef. Han har vore på besøk på Flatøy etter krigen.

Eg tror ikkje det var NS-folk på øya, men det var dei som var stripete, og nokre av jentene i lokalsamfunnet fekk seg tyske kjærestar. Mange gutar prøvde å koma seg over til England, og bror min omkom i 1943 under freistnad på å ta seg over i båt. Mat var det dårleg med. Me malte opp poteter som me blanda med fiskemjøl. Eg tåler ikkje lukta av potetkaker den dag i dag. Og stanken frå den heimeavla tobakken var forferdeleg. Båtar som tok passasjerar trafikkerte strekninga Flatøy – Bergen. Båtane måtte ta omvegar, for det var minefelt overalt. På Flatøy var det tysk kontrollstasjon, og alle båtane som passerte måtte gå til kai for å verta kontrollerte."

"Då frigjeringa kom var det som om me kunne pusta ut. To av brørne mine gjekk bort under krigen. Tyskarane som var på Flatøy, verka også glade over at krigen var slutt. Dei reiste frå Flatøy få dagar etter freden. Eg gifta meg straks etter krigen og har i dag fem vaksne barn."

Aslaug Sudmann




Magne Skjellanger

lagt inn 24. aug. 2017, 01:45 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. okt. 2017, 23:29 ]

Magne Skjellanger vaks opp på eit småbruk i Meland kommune. Han var den førstefødte av tre brør. Etter at tyskarane kom til øysamfunnet i Meland for å byggje opp eit kystbatteri, vart småbruket til familien rekvirert, og i 1942 måtte familien Skjellanger flytta til Breivik i Øygarden. Her var dei fram til frigjeringa i 1945.

    "Me born hjelpte til heima på garden i 1930-åra. Det var ikkje rare prisen på mjølkeskvetten som me leverte, så me hadde det smått. Ein vinter hadde me det ekstra trongt. Då greide me ikkje å betala gjelda på 26 kroner til handelsmannen. Eg hadde ei tante i Bergen, og det hendte me fekk ein tur dit når me skulle til tannlegen. Å koma til tannlegen var ingen spøk på den tidea 9.april 1940 skulle eg inn til Bergen, men rutebåten hadde slutta å gå.

Det tok ei stund før dei fyrste tyskarane kom til Skjellanger. Dei kom hit etter at kampane på Voss var over, og dei tok inn på ei brakke på det gamle festningsanlegget på øya vår. Anlegget var delvis oppbygd før krigen og var laga for kanonstillingar. Allereie den første dagen byrja tyskarane å fullføre dei resterande 10 meter med veg som mangla fram til festningen som skulle sikre innløpet til Bergen. Lyskastarar vart sette opp, og ein av dei vart retta mot huset vårt. Me budde 30 m frå der dei bygde vegen, og fleire av romma i huset vårt vart rekvirert av tyskarane. Me fekk ha kjøkkenet vårt for oss sjølve. Tyskarane hadde feltkjøkken ute på gardsplassen.

Dei to første åra av krigen budde eg heime på garden og arbeidde som gardsgut i Kårbø. Der hadde jeg kosten, og det var ikkje så lite berre det. Dei skaut på meg frå fortet ein gong eg skulle heim med sjekta, og eg var ikkje høg i hatten då prosjektila gjekk gjennom seglet på sjekta. Eg var inne på forbode område. Det var mykje drivminer i fjorden, og rutebåten vart kontrollert på Flatøy før han fekk lov til å gå vidare til Bergen. I 1942 rekvirerte tyskarane resten av huset vårt og me flytte til Øygarden. Kyrne våre tok me med oss, men me fekk lov til å koma heim til garden når me skulle slå høy til kufor. Høyet vart frakta i båt til Øygarden.

Våren 1944 fekk eg jobb som gardsgut på Jæren. Her var gardane større og sesongen var lang. Då eg kom dit i april sto allereie kornet høgt. Eg kom attende til Øygarden hausten 1944 og her var eg då freden kom. Dei andre som budde på Skjellanger fekk flytta attende til heimane sine til i 1943, men huset vårt vart ikkje frigjeve før krigen var slutt. Det vart ein del jubeldagar utan like då freden kom. Folk fekk radioane sine attende, men i Øygarden var det ikkje straum og radiobatteri var ei mangelvare.

Me fekk ikkje høyra nyheiter under krigen, men me høyrde rykter om Bjørn West og at noko gjekk føre seg i Masfjorden. Og hendingane i Telavåg gjorde eit voldsomt inntrykk på oss. Ein av kjenningane våre var frå Telavåg. Han hadde sjekte og henta sild hos oss."


Video kjem seinare




1-5 of 5