Krigsminne-Radøy





John Pettersen

lagt inn 24. aug. 2017, 01:43 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

Her fortel John Pettersen om krigsinnsatsen sin. Ute til sjøs då han fekk nyheita om den tyske okkupasjonen av Norge. Militær opplæring i USA, kom til England, med under invasjonen i Normandie og frigjeringa av Nederland og Belgia. Gifta seg etter krigen og flytta attende til Radøy etter at familien budde nokre år i USA.

   "Eg var nummer tre i rekkja av fire brør. I motsetnad til mange andre så var far i fast arbeid, og me svolt aldri. Eg var med i avhaldslosjen og ungdomslaget. Det hendte at me fekk lov til å følgje jentene heim, men skikken var at gutane måtte halda fleire meters avstand til jentene når dei gikk heimover saman. Eg vart forlova i mars 1939 og reiste til sjøs kort tid etterpå. 

9. april 1940 var me på veg frå Japan til USA, då telegrafisten kom med nyheita om den tyske okkupasjonen av Norge. Etter å ha mønstra av, registrerte eg meg på det militære kontoret i Brooklyn. Etter å ha fått opplæring i ein norskamerikansk skibataljon i Colorado, vart me sendt med ein hurtigkonvoi til England i september 1943. Me trente natt og dag i leiren utanfor London ,og me skjøna at noko var i emning. 6.juni 1944 vart me køyrt nedover mot ein leir i nærleiken av kanalen. Ingen fortalte oss at D-dagen var byrja, då me drog over kanalen i ein amerikansk troppetransport. Utanfor Normandie vart me liggjande på reia i 3 – 4 døgn før krigsmateriell og me soldatar vart sett i land. Det gjorde eit voldsomt inntrykk då me såg alle dei hvite krossane på kyrkjegardane. Eigne avdelingar hadde allereie begravd dei falne soldatane.

Då me hadde rydda Cherbourgh, kom general Eisenhower på inspeksjon. Vakta frå vår tropp hadde fått beskjed om ikkje å sleppe nokon gjennom, og vakta stoppa general Eisenhower, som heller ikkje slapp gjennom. Resultatet vart at generalen forlangte 50 mann frå vår tropp til å vakte hovudkvarteret sitt. Etter at kontrollen over Cherbourgh var oppretta, gjekk troppen vår sørover i Frankrike. Major Hansen leia oss på resten av felttoga som eg var med på, og me heldt fram marsjen gjennom Belgia, Holland og Tyskland. Major Hansen vart seinare mangeårig amerikansk ambassadør i Norge.

Gleda var stor då me omsider fekk greie på at krigen var slutt i Norge. Me kom til Oslo 4.juni 1945. Då Kong Haakon kom 7.juni sto me vakt, skulder ved skulder, på Karl Johan. I august fekk eg åtte dagar permisjon og reiste heim til jenta som eg hadde vore forlova med sidan 1939. Ho hadde venta trufast i alle år. Me var begge 30 år då me gifta oss. I 1944 hadde eg fått amerikansk statsborgarskap, og eg reiste attende til USA saman med troppen vår for å verta dimittert. Eg fekk jobb på eit skipsverft, og kona og den eit år gamle sonen kom over med Stavangerfjord i 1946. I 1953 drog me tilbake til Radøy der eg overtok farsgarden, fekk meg arbeid, og me slo oss ned for godt."

Meir om John Pettersen:
  • Lukten glemmer du aldri - BA 8/7-2014
  • Strilen 3/7-2012:  Bataljon 99 - 70 år


Jon Pettersen


00:20  Oppvekst
01:27  Levevilkår den gong
03:05  Jolaftan
03:40  Fritidsaktivitetar
05:14  Forloving
06:07  Sjømannsliv
11:00  9.april
13:25  Militær opplæring i USA i norsk bataljon
17:35  Til England 1943, trening natt og dag

20:10  Invasjon i Norge?
20:40  Førebuing til invasjonen i Normandie
22:00  Kvardagsliv i leiren
23:55  Invasjonen
26:45  Mine opplevingar før invasjonen
31:00  Landing
32:57  Fæle inntrykk
33:40  Framrykking
34:55  Blanda velkomst av dei sivile

35:47  Møte med Eisenhower
40:30  Gjennom Frankrike med gen.Patton
41:40  Gjennom "heile" Europa
42:24  8.mai 1945 ingen fest
43:00  Til Norge, æresvakt for Kongen
44:44  Møte med jenta mi, giftarmål
49:00  Åra etter 1945, tilbake til USA
52:05  Liv i USA
54:00  Tilbake til Norge, tek over farsgarden 1953
55:50  Politiske synspunkt

Gunnstein Kolstad

lagt inn 24. aug. 2017, 01:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

Gunnstein Kolstad er frå Manger i Radøy kommune. Han vaks opp på prestegarden på Manger saman med fem sysken. Den yngste broren omkom berre 12 år gamal. Gunnstein Kolstad har vore aktiv i organisasjonsarbeid, vore formann i Hordaland Bondelag og har teke del i kommunepolitikken i fleire år, m.a. som ordførar for Sp.


"Mannfolka dreiv fiske medan kjerringane tok seg av sakene heime på småbruket. Me merka korleis krigsskyene kom nærare, og var forundra over kvifor ein ikkje tok krigstrusselen meir alvorleg. Det er sagt at me hadde lite å hjelpa oss med 9. april 1940, men eg meiner at kystartilleriet kunne vore brukt på ein betre måte. Det som er typisk for bygda vår, er at me ikkje kom bort i direkte krigshandlingar.

Far var ordførar då krigen kom, og det gjaldt å skaffa forsyningar til bygda. Han fekk leigd fiskebåt og henta forsyningar frå Vaksdal. Far ville gå av som ordførar då fylkesmann Lindebrække gjekk av, men han vart beden om å halde ut så lenge han orka for å vera trygg på at ein ikkje fekk inn NS-ordførar i eit område som var strategisk viktig. Resultatet var at fleire ordførarar i bygdene vart verande i stillingane sine. Det vart ikkje utnevnt NS-lensmann her i bygda, og både lærar og prest vart i stillingane sine. Me som hadde gard hadde nok mat, og samhaldet og evna til å hjelpa kvarandre var stor.

Eg distribuerte illegale aviser og fulgte med på radiosendingane frå London. Fiskebåtar gjekk ut og henta forsyningar frå England, og dei vart vidaresendt innover til Masfjordfjellet. Då Manger vart stasjon for tyske vaktbåtar, vart det stasjonert tyske marinefolk her, men dei var ikkje plagsomme. Dei var ute på oppdrag om natta og brydde seg lite om det som gjekk føre seg på land. Radøy låg strategisk til, og det vart bygd store kystfestningar på Vågsnes, Marøy og Fossøy.

Tyskarane rekvirerte alle hus i nærleiken av festningsverka, og folk måtte finne ny stad å bu. Russiske krigsfangar kom til festningsverka medan dei vart bygde. Det var eit grusomt syn å sjå dei avmagra fangane. Dei gav oss små kunstverk av tre som takk for maten me gav dei. På slutten av krigen vart det ein del arrestasjonar, og ein frå bygda fekk hard medfart av Gestapo.

Det vart fødd born med tysk far her i bygda. Dei var uskuldige, så ingen mobba dei. Eg synest det er redselsfullt når eg les om kva mange uskuldige tyskarborn har måtta gjennomgå."

"Under rettsoppgjøret fekk dei første som vart dømt dei strengaste straffene. Dette skuldast at den aggressive haldninga, som avtok etter kvart. Eg beundra Ruge og Fleischer, og tykte Fleischer fekk dårleg behandling av myndigheitene våre i England under krigen."



Gunnstein Kolstad


00:00  Barndomsheim og oppvekst
01:38  Levevilkår
03:40  Politiske parti
04:25  Minne rundt 9.april
07:00  9.april og dagane etter
08:10  Forsyningar til bygda
10:14  Administrasjon, ordførar får ikkje gå
12:00  Mat og overleving
12:40  NS og arrestasjonar

13:50  Illegal verksemd
15:20  Ulovleg radiolytting på London
17:35  Nazifisering av kyrkje og skule
18:30  Tilhøvet til tyskarane
19:40  NS-folk i bygda?
21:25  Stor tysk aktivitet siste åra, folk måtte flytte
23:05 Russiske krigsfangar
24:00  Kvifor folk vart NS
25:30  Organisasjonsarbeid i etterkrigstida

28:30  Politisk syn
28:49  Fredsdagane i 45, NS-born og tyskartøser
31:00  Rettsoppgjeret
32:30  Positive sider ved okkupsjonstida
33:35  Negative sider
34:35  Folk eg beundra under krigen
39:12  Nordsjøfarten herifrå
41:35  Syn på politikk og samfunn i dag

Mally Kjeseth

lagt inn 24. aug. 2017, 01:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

Mally Kjeseth frå Radøy, fødd 1913, var nummer sju i ein syskenflokk på 13. I ein alder av 85 år fortel ho her om livet sitt. Faren og bestefaren var yrkesmilitære. Borna vaks opp på ein gard langt fra byen, og ein måtte sjøvegen når doktor skulle bodsendast. Torv til brensel vart samla heile året, og alt av mat og klær vart produsert heime på garden.  


"Besteforeldra mine budde i huset vårt, og bestefar var svært streng. Men me hadde ei god barne- og ungdomstid. Me hadde ungdomslag, og når me ville danse drog me ut av bygda til andre ungdomshus. Julaftan var ei stor høgtid, medan 17. mai var midt i våronna og var arbeidsdag. Men søndagen var fast kviledag. Eg gifta meg i 1935 og har født fire born. I 1941 braut det ut 17 tilfelle av poliomyelitt her på Radøy. Mange av dei borna som ikkje døydde fekk varig skade. Eg hadde ein son på fire år som døydde i denne epidemien.

9.april 1940 høyrde me på nyheitene kva som var skjedd. Då mobiliseringsordren kom, vart to av brørne mine sende til Voss. Eg var ikkje einig i at Norge skulle mobilisera mot ei så stor overmakt. Det hadde lenge vore nedbyggjing av forsvaret, og då krigen kom hadde me ikkje noko å stille opp med militært, uansett. Me budde på ein veldig roleg gard. Det var ingen tyskarar stasjonert der me budde, og me såg lite til okkupantane. Men eg var redd når eg høyrde flyalarmen og når dei bomba. Eg beundra svogeren min som var lensmann då krigen kom. Han sa opp stillinga si då han fekk påbud om å melde seg inn i NS.

Bøndene var populære under krigen fordi dei hadde mat, og slekt og vener kom til garden vår. Me hadde nok mat, og det einaste eg kan sei om mitt engasjement under krigen, var at me delte all maten me hadde med dei som trong det. Og me tok imot folk frå Bergen som hadde flykta heimefrå.

Det fanst folk i bygda som hadde meldt seg inn i NS. Og det var tronge tider, så det hendte at folk tok seg tyskararbeid for å få til livets opphald. Eg kjente jenter som gjekk med tyske soldatar og vil ikkje døma dei. Me er berre menneske. Det er ein naturleg prosess at kvinner og menn vert tiltrekte av kvarandre. Kjærleikslivet er som døden. Døden kjem og den spør ikkje om du er rik eller fattig."

"Einar Gerhardsen var dyktig. Men så hadde han og medvind med seg! Sjølv stemmer eg Senterpartiet ved alle val, for jeg kjenner meg heime i dette partiet. Utdanninga mi er husmorskule og livets skule, men eg var med og starta Bondekvinnelaget her i bygda i 1951, og har site i styret i Bondekvinnelaget i 22 år."
   

Mally Kjeseth



00:15  Barndom og oppvekst
03:00  Julaftan som høgtid
04:00  17.mai
05:05  Ungdomstid; ungdomslag og bedehus
07:30  Bondekvinnelaget etter krigen
09:00  Minne frå krigstida, vitjing av tyske offiserar
11:00  Giftarmål
11:35  9.april
13:50  Politisk syn


14:25  Delte mat
14:45  Fredsdagane
16:16  Tyskarane på Radøy
16:40  Kjente du NS-folk?
17:50  Tyskarjenter
20:20  Ikkje radiolytting
21:26  Kvardagsliv, polioutbrot
22:40  Var du redd?
23:10  Tok imot flyktningar frå Bergen
23:40  Kontakt med tyske soldatar?

24:10  Utdanning, organisasjonsarbeid, politikk, arbeid i Bondekvinnelagt
29:50  Vestlendingar og austlendingar
32:10  Synet på NS
33:50  Rettsoppgjeret
34:40  Det positive og negative ved krigstida, tyskararbeid
36:50  Kven beundra du under krigen?
38:30  Hugsar du spesielle tyskarar?
39:30  Syn på samfunn og politikk i dag

Gabriel og Birgitta Nordanger

lagt inn 24. aug. 2017, 01:38 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

 
I dette intervjuet fortel ekteparet Birgitta og Gabriel Nordanger frå Radøy om sine barne- og ungdomsår, om krigsår med lite mat, og om dei store gledesscenene då krigen var slutt. Begge ektefellene vart fødde i 1907, og begge vaks opp i ein stor søskenflokk. Dei gifta seg i 1931 og hadde små born då krigen kom til Norge i 1940.


"Det var stor armod i vår barndom. I bryggehuset sto det skrive: "Havregrauten hennar mor gjer guten sterk og stor." Men på julaftan hadde me litt ekstra godt å eta. Då fikk me smør på flatbrødet, og det hende at me fekk ei halv appelsin eller eple. Når isen la seg på vatnet, gjekk me på skruskøyter og me laga sivbåtar om sommaren. I ungdommen gjekk me på dans, og det hende at det oppsto slåsskampar utanfor danselokalet. På bedehuset gjekk det litt rolegare for seg, og det hende at me gjekk der og.

Me tok oss arbeid som tenestefolk på gardane, og det var slik me traff kvarandre. Me gifte oss i 1931, og ungane våre var små då tyskarane kom til Radøy. Ungane trengte mat og me fekk ikkje handla på kreditt. Eg tok meg arbeid på eit veganlegg for å få pengar til mat til borna. Ein gong som eg prøvde å kjøpa ein sei av ein fiskar, spurte han meg om eg ikkje kjende skam fordi eg gjorde tyskararbeid. Eg spurte han om ikkje han og kjende skam fordi han selgte fisk til tyskarane. Det endte med at eg fekk kjøpt fisken. Den dag i dag kjenner eg skam fordi eg var med og utførte arbeid for tyskarane. Ein tysk offiser gav meg ein sigar då eg greide å knuse ein stor stein som dei hadde prøvd å fjerna i åtte dagar. Og då kona mi skada seg stygt, vart ho bandasjert av ein tysk soldat. Han ville ikkje ha pengar for det. Tyskarane oppretta leir for russiske fangar på Radøy. Det var vanlege soldatar frå Wehrmacht som passa på dei, og eg trur fangane vart behandla bra.

Dei russiske fangane var flinke til å reparera ting, og vaktene gav folk lov til å gi dei spekesild og flatbrød. Me beundra dei som me leigde husrom av på Nordanger. Dei hadde sjølv mange born som skulle ha mat. Likevel hende det at dei delte mjølka si med borna våre. I ein ubevakta augneblink, medan eg jobba på veganlegget, putta eg under gensaren min dynamitt, lunter og fenghetter. Eg var livande redd då jeg kom i ein tysk kontroll, men eg fekk teke sprengstoffet heim, der det vart gøymt unna."

"Me svolt ikkje, me fekk ordna mat til borna våre og me lærte oss å vera nøysomme. Men det var godt å vita at ingen tyskarar lenger kunne plaga oss. Då ei skulelærarinne fortalte oss at krigen var over, fann eg fram dynamitten som eg hadde stole frå tyskarane. Om kvelden samla folk seg, då brukte me dynamitten til å skyte ein dundrande fredssalutt".


Birgitta og Gabriel Nordanger


   

00:00  Introduksjon
00:50 Heim og oppvekst
02:24  Julaftan
03:40  Dans på bygda
05:50  Bedehus og misjon
06:50  Ungdomsaktivitetar
10:50  Birgitta: Den første jobben og jobbar seinare
12:00  Gabriel: Min første jobb

13:15  Ungdom og giftarmål
14:18  Krigen kjem, russarleirar
18:10  Tyskararbeid på ulike anlegg
25:50  Ein sykkeltur med komplikasjonar
28:11  Personar me beundra
29:40  Stal dynamitt, kontroll på kaien
33:50  Alkoholproblem hjå tyskarane?
34:10  Oppførselen til tyske soldatar

37:15  Synspunkt på rettsoppgjeret
38:30  Kva gjorde størst inntrykk?
40:40  Positive sider, hadde det bra
41:30  Tyske soldatar vil kjøpe egg
42:00  Frigjeringsdagane
44:20  Syn på politikken i dag
46:50  Kva me lærte av krigen

Sigvald Marøy

lagt inn 24. aug. 2017, 01:37 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

Sigvald Marøy frå Radøy vaks opp i små kår som nummer fire i ein søskenflokk på sju. Faren var sjømann og gardbrukar. I 1942 overtok tyskarane øya der familien budde. Dei kom for å byggje opp eit kystfort. Her fortel Sigvald om livet på øya i krigsåra. Etter krigen har han arbeidd som oppsynsmann i fiskerioppsynet.


  "Heime på gården var me borna med og samla torv til brensel heile året rundt. Me fiska og sette ut krabbe- og hummerteiner, og eg kunne symja før eg begynte på skulen. Me gjekk på skulen vekselvis to veker om gongen, og skulestyraren ute på Marøy var svært streng. Det var stor glede heime når far kom heim frå sjøen. Spesielt var me glade for at han hadde med seg mat heim til oss og me fekk noko ekstra godt å eta.

Då tyskerne beslagla huset vårt i 1942 måtte me flytta inn i skulehuset. Men eit par dagar seinare tok dei skulehuset og. Då me fekk lov til å bruka halvparten av huset vårt, flytta me attende heim att. Det budde tyskarar i underetasjen medan me budde i etasjen over. Dei forsto at me ikkje ville ha dei inn på livet, så me greide å halde avstand til kvarandre. Det var og ein leir med russiske krigsfangar her ute. Dei måtte arbeida med å setje opp kanonene på det tyske fortet.

Far min var i forsyningsnemda, og når han kom heim frå jobb, hadde han med seg illegale aviser. Avisene vart brende etter at me hadde lest dei. Me ville ikkje spara på dei så lenge me hadde tyskarar buande i huset vårt. Eg hadde ein 22 fots motorbåt, og vart kontakta av ein kar som spurte om eg kunne frakta tre mann nordover. Dei var ettersøkt av Gestapo. Eg hadde gøymt unna eit 200 liters oljefat med drivstoff, og eg frakta dei tre karane til Rognevær. Eg spurte dei ikkje om noko, for eg tenkte det var best å ikkje vita noko. Seinare fekk eg greie på at mannen som gav meg oppdraget vart arrestert av Gestapo.

Samhaldet folk imellom var godt under krigen, og folk hjelpte kvarandre. Me beundra dei som tok seg over til England. Mange frå øysamfunnet vårt tok seg over dei to fyrste krigsåra, men då tyskarane kom til Marøy vart det vanskeleg. Det vart lagt ut minebelte utafor øya. Det vart og vanskelegare å halde seg orientert om det som skjedde."

"Det var portforbod om kveldane for oss som budde på Marøy. 7. mai 1945 kom naboen vår og fortalte at krigen var slutt. Han hadde høyrt jubelen frå den tyske leiren. Også tyskarane i leiren var glade for at krigen var slutt. Me tok det heilt med ro og fulgte med på radiosendingane frå London. Eg hugsa spesielt stemma til Olaf Rytter."

Sigvald Marøy



00:00  Oppvekst og levevilkår
01:35  17.mai
02:20  Skulen
04:40  Fritid og arbeid, torvtaking
05:40  Fiske
09:50  Mat
11:00  Arbeidstilbod
12:15  Respekt for sjøen, den tidas symjeopplæring
13:50  9.april

16:35  Interesse for politikk og organisasjonsliv
19:30  Illegalt arbeid, Englandsfarten
23:25  Tyskarane overtek Marøy
25:50  Samver med tyskerane
28:50  Russerane og fangeleirane
30:00  Kanoner på plass, farlege minefelt
32:20  Kjente du NS-folk? Kven ville vinne krigen?
33:10  Fredsdagane, tyskerane jubla
34:15  Korleis me feira dagen


35:00  Illegale aviser
36:00  Ditt syn på rettsoppgjeret
37:20  NS
38:30  Det positive og negative med krigen
39:20  Personar eg beundra
40:00  Måtte vere forsiktige i omgang med tyskerane
41:20  Kunne du tenkje deg å dra til England?
41:50  Ditt syn på dagens politikk og samfunn?

Nils Gjerde

lagt inn 24. aug. 2017, 01:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. okt. 2017, 09:12 ]

Nils Gjerde frå Radøy har bygd opp meinigheita Betel i Sletta. Ein periode var han ordførar for KrF. Her fortel han om barndom i 1930-åra, krigsåra, etterkrigstida og åra fram til dagens samfunn.


 "Far dreiv småbruk og eg var einebarn. Men det var dårlege tider, så eg vart ikkje bortskjemt av den grunn. Me som vaks opp i dei harde 30-åra hadde inga framtid. Skulle ein få koma inn som læregut i ei bedrift, måtte det muter til for å få læregutstillinga.
Eg har vore med på å byggja opp den frikyrkjelege meiningheita Betel i Radøy, og eg vart sjølv døypt 19 år gamal. Me kunne bruka ungdomslokala til møta våre, men kyrkjer og bedehus var lukka for oss.

Krigen kom som ei utrygg tid. Ein visste ikkje om naboar var NS-medlemer eller ikkje. Me hadde likevel ikkje restriksjonar frå Wehrmacht si side når det gjaldt møteverksemda vår i pinsemeiningheita Betel. Sjølv om me ikkje hadde radio under krigen, beundra me Kong Haakon. Og Max Manus var litt av ein sprellemann.

Eg tykte ein var urimeleg hard med dei såkalla tyskarjentene etter krigen. Dei var unge og uerfarne, og kjærleiken har ingen grenser mellom nasjonane. Kvinner har ein svakheit for alt som heiter glitter. Denne svakheita kom også fram under krigen då jentene vart blenda av dei tyske uniformerte soldatane. Om det var tyskarar, engelskmenn eller russerar i uniform, så gjorde den same svakheita seg gjeldande.

Eg har og ein teori om kvifor folk melde seg inn i NS. 1.maifeiringa, med raude flagg, verka på mange nesten som ein boikott av 17.mai. Eg trur borgarskapet var luta lei av dette. NS hadde ein appell til dei svake sjelene, som ikkje tenkte så veldig mykje, om å slutte seg til det som var norsk, og NS fikk soleis ein del medlemer på dette grunnlaget. Men tidlegare NS-folk bør ikkje lenger fordømast. Nok er nok! Eg er likevel samd i dødsdomane som vart avsagt over dei store landsforrædarane, gestapistane og torturistane.

Etter krigen har eg site 24 år i kommunestyret og åtte år i Fylkestinget. Det kan vere mangelfullt med eldreomsorg her i landet, men det er himmelvid skilnad samanlikna med korleis det var før. I dag får folk som treng det penger rett i handa. Det er nesten for godt til å vera sant! Eg meiner at me ikkje har noko inn i EU å gjera, og eg trur at Danmark, Sverige og Finland gjorde eit forhasta vedtak."

Nils Gjerde



00:00  Heim og oppvekst
00:45  Dårlege levevilkår
03:25  Oppbygginga av menigheita Bethel
10:43  Søndagsskulearbeid

13:10  Tilhøvet til dei "verdslege"
14:40  Nokon som spotta dykk?
15:25  Aldersfordeling og kjønn i menigheita
16:35  Sentrale namn i vekkelsesbølgja
18:50  Krigstida, 9.april, tyskerane

21:40  Kvinneleg svakheit for uniformar
22:40  NS i Nordhordland
23:47  Politisk engasjement
24:40  Syn på politikk og samfunn

1-6 of 6